23 mars 2010

Un poco más fotos de la finca de café en Matagalpa.

Litt fleire bilder fra "la finca de café" i Matagalpa:

Dei hadde også mange geiter. Her viser Fernando fram ein av geitekillingane. 

 Vi såg masse aper, og nokre dovendyr. Her ser du tre aper -kongo-aper (eigentlig er der 4, da den til venstre har en unge bak seg). Hvis du ikkje skjønner kva det er som r apene, så er detdei litt større mørke flekkane. Var litt for vanskelig for kameraet mitt å få eit godt bilete av dei når dei var så langt borte. Det blei dårlig for dei som hadde speilrefleks også, bere så det er sagt..


Som avsluttning på omvisninga gjekk vitil eit vatn for å bade. Dette vatnet kom frå ein foss som vi ikkje ser her. Men der var eit anna vaten ein anna plass der vi også bada. Der var det ein foss som vi kunne sette oss under og bli dusja :

Deilig!

La finca de café en Matagalpa.

Este fin de semana ha sido marvilloso! Estabamos en Matagalpa en un finca de café. Estuvo relahando, estuvo un poco más fresco de aquí en León, y estuvo divertido. Aquí está algunas fotos de la finca en Matagalpa:

Utsikta fra en av hyttene.













Eg fekk ri litt om morgenen begge dagane. Det var deilig og gøy!
Dei pynta rundt "spise-plassen" ved å hogge ned banan-trær og sette dei opp rundt området der borda var, i tillegg til også å henge opp en spesiell type fuglreir som såg ut som gedigne kvepsebol, berre litt meir avlange. Veldig kreative Nicaraguanere!

Vi fekk omvisnng på kaffe-farmen. Dei hadde hundrevis av høner og kyllinger. Alt dei driv med her er forresten av økologisk drift. Å ha så mange høner tett i tett kan sjølvsagt virke litt umoralsk...men ikkje veit eg...har dokke der heime i Norge nokre meiningar om dette?
Til høgre ser du bilete av Fernando og meg. Han var sonen til Cesar som var eigaren av farmen.Fernando og eg blei spasser-kompiser på omvisningsturen på kaffifarmen. Vi holdt i handa, og han var veldig ivrig etter å ha kameraet mitt og synes det var så morsomt å ta masse bilete, spesielt likta han å zoome mest mulig inn før han tok bileta!

Litt meir av den flotte utsikta dei hadde. Der var også ein liten lagune som dei hadde "laga til". Det hender ofte at dei plutrselig går tom for vatn eller lignande..da er det lurt å ha eit "reserve-vatn reservat" i nærheten. Dette er noko eigeren/bonden av farmen prøver å formidle til dei andre bøndene rundt omkring at kan vere lyrt å skaffe seg. Farmen vi var på er ein sjølvdrivende og velstående farm, i motsetning til MANGE andre farmer/gårder rundt om kring. På denne farmen gjer dei mykje for å hjelpe dei andre til å komme seg litt mir framover og oppover.
Det var ein deilig tur, og eg er no klar for ei ny veke med spansk. Deretter kommer påskeferien og Costa Rica =)

Hasta Pronto!

18 mars 2010

Så velsigna eg er som har ein så fantastisk og kjærlig familie!

I dag fekk eg ein mail av Kjersti som eg blei så glad for! Ho fekk meg til å tenke på kor heldig eg er som har ein så fantastisk familie, der vi alle er så glade i kvarandre. Fikk derfor lyst til å utrykke meg om dette på bloggen min:

Lillebror og eg på vei til kino på Moa :) Vi hadde en kjempegøy kveld!

Storesøster og eg sammen på Risøya når eg gjekk på folkhøgskule der. Det var så koselig å få besøk av deg Birgitte!

Storesøster Kjersti og kommende svoger Harald (yohooo!!), gjer seg klar for sykkeltur! Dei er alltid klar for fritidsaktiviteter ute i det fri!
Storesøster Ragnhild, Ronja (som desverre ikkje er med oss i dag) og vår kjære svoger Vegar på tur på gødøya.

Og så er det selvfølgelig vårt lille vakre under Laura! Eg savnar deg så Laura! Du er et under! Ragnhild og Vegar har vikelig skapt ei heilt vidunderlig jente!!

Mamma, pappa og lillebror på konfimasjonsdagen!

Mamma og pappa; eg er så glad for at dokke to fant kvarandre! Tusen takk for at oss he vøre so heldige å få dokke til foreldre:)

Eg er så ubeskrivelig glad i dokke alle!

15 mars 2010

El fin de semana en la playa

Denne helga (12.-14. mars) tilbragte eg på stranda saman med en liten gjeng. Det var veldig koselig, avslappende og forfriskende! Innholdet i helga var følgende:
Bading, studering, sosialisering med lokale fra Nicaragua, ute på middag, surfing, og ikkje minst kajakk-tur på søndagen!

En av dei mange fugle-stimane som inn i mellom flyg over stranda.

Trygve med surfebrettet, og Vera som er klar for en dukkert!





Thomas og eg delte kajakk. En gøy opplevelse :)






Så var det Anders og Vera i den eine kajakken, og Trygve og Torje i den andre.


Alt i alt; ei fantastisk deilig helg :)

09 mars 2010

Un fin de semana del ejército!

 Har fått en liten bemerkning fra mamma at eg ikkje har vore så flink å oppdatere bloggenmin i det siste, so ej tenkte ej kunn fikse på det! Har etter ei fatastisk hærlig helg, starta på ei ny veke med forelesning og studier på stranda i våre spansk-grupper.
I helga var eg med venner ved eit hotell med basseng, for deretter på stranda med en gjeng. Her var det kos rundt bålet og deretter fiesta de reggae på "coco surf" (en surfeskole på kvardagane). Veldig gøy!
På søndag blei det avslapping, åt på strand-restauranten og bading. Livet er hærlig!
Her nokre bilete:
Hotel San Cristobal. En deilig plass å vere for å kose seg i bassenget, og studere litt..(viss en er disiplinert nok..)
Synkron-stuping. (Frå venstre: Sigrid, Trygve og Line)
Etter formidagen på San Crostobal for vi til stranda.

Følgere