23 februar 2014

Empire State Building and Statue of Liberty



 I dag er det laurdag, og eg har kjøpt min faste morgen-kaffe frå Brooklyn Bagel i Queens. I dag står guidet tur med Rocco i NY på programmet. Agenda: Dra til resten av dei fem bydelane eg enda ikkje har vore i, Sigrid skal opp i Empire State Building, fergetur til Staten Island for slå to fluger i en smekk; besøke bydelen Staten Island og sjå Statue of liberty.


Første "check" på lista:  Bydelen The Bronx. The Bronx blir også kalla "The Boogie Down", som stammer frå 80-tallet, og den sterke innflytelsen The Bronx hadde for Hip Hop kulturen.
Til venstre: Grand Central Station, regna for å vere den travlaste togstasjonen i landet. Til høgre: vi et pizza i The Bronx for å ha gjort et eller anna i denne bydelen.


 Andre "check" på lista: Empire State Building. Eg var kjempe heldig med både veret og timinga på dagen! 


 Det var sol og god temperatur når eg kom meg opp i tårnet, og etter å ha tatt runda rundt for å ta bilder av alle sidene til New York, kom eg tilbake til utgangspunktet når solnedgangen starta. 


 Tredje "check" på lista: Statue of Liberty og Staten Island.
Det var en perfekt kveld for å ta ferga til Staten Island for å sjå The Statue of Liberty og byen opplyst. Bethany som bor i leiligheta til Rocco kom og møtte oss for å vere med på turen til Staten Island. Det var en fin avslutning på dagen.

















Eg hadde en  koselig og innholdstik dag sammen med Rocco og Bethany. I morgn er planen å skaffe siste "chekc" på lista; bydelen Brooklyn. Kjem vi oss dit, har eg vore i alle fem bydelane; Manhattan, Queens, The Bronx, Staten Island og Brooklyn. 

Ingen kommentarer:

Følgere