02 mai 2010

Action på gata i León!

I kveld var eg og ei venninne av meg på vei heim frå en koselig bursdagsfeiring ute i León. På veien kom det gåande en gjeng gutar, ca. 6 stk. Ein av gutane kom mot meg og sa mange flørtekommentarer slik som alle nica-guter gjer..og strakk ut handa si for å halde handa mi. Eg jekk unna, og han fortsatte etter. Plutseleg tok han handa mi, og der hadde tilfeldigvis eg min mobiltelefon. Han stramma grepet skikkelig, og ville no ta mobilen. Eg ville selvfølgelig ikkje gi frå meg mobilen min, så eg haldt godt fast. Det kom så to gutar til rundt for å hjelpe å ta mobilen, men ikkje tale om eg ville gi den frå meg. Vi kjempa mot kvarndre, og plutselig såg det ut som han eine skulle ta fram en kniv. Eg holdt fortsatt god fast i mobilen min og sa at han ikkje fekk ta den, at eg trengte den sjølv! Han hadde heldigvis ikkje kniv, men dei fortsatte og kjempe for å ta mobilen. Eg begynnte å tenke litt, og kom på at eg kunne rope. Eg hylte, og heldigvis var der ein politimann i nærheten. Dei måtte derfor til slutt springe for å unngå politiet, og slapp sakte men sikkert taket på handa mi.

Etterpå kjente eg meg litt skjelven (mildt sagt) og nokre tårer pupla fram. Men no er alt i orden igjen!
Todo está bien!

God natt!

Følgere