03 juli 2011

CUBA!!!!


Da var oppholdet på Cuba over. Trist, men sant... Birgitte er der fortsatt, og eg kjenner sjølvsagt at eg godt kunne tenke meg å vere der med ho. Vi hadde tre veker sammen som var MAGISKE rett og slett! Vi hadde det så gøy og koselig saman! Vi dansa salsa kvar einaste kveld, utanom ein, dro til stranda mange ganger, besøkte Viñales (ein liten koselig landsby) og ellers tusla vi rundt i Havana og Vedado, der Birgite budde for fire år sidan. Vi hadde mange veldig gøye dager på stranda, møtte alltid folk som hadde lyst å prate. Ein dag endte vi opp med en gjeng gale cubanere, og vi endte opp med å tilbringe heile dagen der syngende, dansende, rappende og litt bading inn i mellom! Super morosamt!


Her er vi i Viniales og danser Salsa. Birgitte her med en gal cubaner, og eg med Mario.
 
 På stranda med en gjeng hærlig energiske cubanere!
Her sit vi å et deilig middag i huset vi budde i når vi var i Viniales. Dama som hjelper Birgitte med å spise maten sin heiter Martha, og er ho som Birgitte budde med i Havana for fire år sidan! Hærlig søt dame :)
 Oppe på terasse der vi budde i Viniales.
 Guida rundtur i Havana med hest og kjerre!
 Gode venner <3
 Birgitte hadde lyst å bade ved Malekon i Havana, og til slutt klarte ho å fp med seg meg og. Sidan eg ikkje hadde forberedt å bade, hoppa eg derfor uti med kleda på. Gutane syntes det var veldig morosamt at to blonde jenter ville uti og bade saman med dei, og var meir enn ivrig i å forklare oss fleire måtar vi kunne hoppe uti på :)
 Der var ei pizzeria rett over gata der vi budde i Havana, og vi blei god-kompis med guttane som jobba der! Ein dag fekk vi komme inn å lære korleis dei laga pizzaen. Så vi laga pizza til fleire av kundane som kom å bestilte!

 Mario ville sjølvsagt bestille pizza av sine to favoritt-jenter :p
 Birgitte og eg dro aleine til stranda ein dag, og Mario litt etter. Vi sendte melding med Mario, og han sa at vi måtte komme dit han satt. Vi kom, og der satt han å snakka med to cubanske gutar. Når vi kom, sa den eine guten; "Du er Sigrid, ikkje sant!" Når han sa det kjente eg han igjen, og det var ein eg hadde truffe på samme stranda sist år eg var der!! Det var utrulig morosamt å oppleve!
 Lisa, Mari og eg! Samboerne fra Buenos Aires:)
 Jentene bak baren og lager Mojito!

 Vi koste oss masse!


Posering på stranda!
Ei lita økt med tøying.

Tre fantastiske veker på Cuba <3

22 mai 2011

Tigre i Buenos Aires!

Tigre er eit lite idyllisk sted ca en time uttanfor Buenos Aires. Lisa, Wes og eg bestemte oss for å reise dit for å sjå og kose oss ein søndag vi kjeda oss heime i leiligheta.






Iguazu!


I april dro Mari, Mari og eg opp nord til Iguazu for å sjå på dei fantastiske fossane.





Vi for under fossane i båt! Gøøøy!!

Machu Picchu, Peru!

Da var det på tide å oppdatere bloggen min tenker eg. Mykje har skjedd sidan siste innlegg, blant anna tur til Peru! Mari, Mari og eg reiste dit saman, og koste oss masse.


 Machu Picchu!
 En liten pust i bakken
 Det er sagt at en kan få energi av denne steinen, så Mari og eg gorde et tappert forsøk på å få energi.
 Guiden vår
 Mari suger til seg energien fra Machu Picchu!
 ...og så hoppa eg utfor!

Lama:)
 
 Salsakurs på hostellet!

25 februar 2011

Salsa i Buenos Aires!

Da har eg klart å fått tatt litt bilder frå når eg danser salsa her nede også! Det har ikkje gått ei veke utan at eg har dansa salsa, og av og til har det vore oppe i 4-5 ganger i veka! Det er utrulig GØY! For det meste danser eg på en restaurant/utested som heiter "Cuba mía". Restauranten er relativt liten, noko som skaper ei lun og god atmosfære. Han eg danser med på bilda under heiter Gustavo. Vi danser veldig mykje saman. Han er salsainstruktør, så eg får lært nye ting så og sei kvar gang!

Nokre bilete:













22 februar 2011

Livet er ikkje så verst!

Sit i leiligheta og har ingenting å gjere (foreløbig), så tenkte at no kan eg lage eit lite innlegg. Mari og eg koser oss, møter nye menneske nesten kvar dag, og alle er så vennlige! Dagen i dag tilbragte vi i ein park som heiter "Parke Norte". Der er det store svømme-basseng, to beachvolleyball-baner, sklier, fotballbane, basketbane m.m...! Hærlig plass. Vi tok med oss bøkene og las der.
I kveld skal vi ha nokre vener på besøk og grille. Her er det vanleg å grille fleire ganger i veka så og sei!

Har tatt nokre bilete inn i mellom, så her er litt frå dei siste dagane:


Lesedag i Parke Norte! Vi er flittige studenter =)


Følgere