25 februar 2011

Salsa i Buenos Aires!

Da har eg klart å fått tatt litt bilder frå når eg danser salsa her nede også! Det har ikkje gått ei veke utan at eg har dansa salsa, og av og til har det vore oppe i 4-5 ganger i veka! Det er utrulig GØY! For det meste danser eg på en restaurant/utested som heiter "Cuba mía". Restauranten er relativt liten, noko som skaper ei lun og god atmosfære. Han eg danser med på bilda under heiter Gustavo. Vi danser veldig mykje saman. Han er salsainstruktør, så eg får lært nye ting så og sei kvar gang!

Nokre bilete:













22 februar 2011

Livet er ikkje så verst!

Sit i leiligheta og har ingenting å gjere (foreløbig), så tenkte at no kan eg lage eit lite innlegg. Mari og eg koser oss, møter nye menneske nesten kvar dag, og alle er så vennlige! Dagen i dag tilbragte vi i ein park som heiter "Parke Norte". Der er det store svømme-basseng, to beachvolleyball-baner, sklier, fotballbane, basketbane m.m...! Hærlig plass. Vi tok med oss bøkene og las der.
I kveld skal vi ha nokre vener på besøk og grille. Her er det vanleg å grille fleire ganger i veka så og sei!

Har tatt nokre bilete inn i mellom, så her er litt frå dei siste dagane:


Lesedag i Parke Norte! Vi er flittige studenter =)


14 februar 2011

Kom visst med i reklamefilmen for spanskskulen "Expanish", der eg studerte i ei veke!

Første veka mi her i Buenos Aires, deltok eg i eit spanskkurs hos ein skule som heiter "Expanish". Denne veka dreiv dei på med å lage ein reklamefilm. I dag kom det ei jente fra klassa mi ved kulturstudier og sa at ho hadde sett meg på reklamefilmen til Expanish, der ho har tenkt å ta litt spanskkurs framover. Eg sjekka det ut, og der var eg visst :) Her er linken:

http://www.expanish.com/index.php

03 februar 2011

Tangokurs og milonga!

I gårkveld for Mari og eg saman med Ragnhild (venninna til Mari fra NHH) og to av hinna sine venner på tangokurs! Den eine venninna til Ragnhild har dansa tango i fleire år, så ho var lederen vår for kvelden. Eg fekk dansa masse tango, både med ho, og med mange andre flinke tangodansarar! Den siste eg dansa med var utrulig flink, og eg har aldri hatt det så gøy med å danse tango før!! Etter ei stund med tangomusikk fra anlegget, kom det et band som spilla live musikk! Dei var kjempeflinke! Så vi fekk dansa tango til livemusikk også!
Her ser dokke bilete av bandet som spilte. Det var det einaste eg fekk tatt bilete av denne kvelden.





 

Følgere