23 mars 2010

La finca de café en Matagalpa.

Este fin de semana ha sido marvilloso! Estabamos en Matagalpa en un finca de café. Estuvo relahando, estuvo un poco más fresco de aquí en León, y estuvo divertido. Aquí está algunas fotos de la finca en Matagalpa:

Utsikta fra en av hyttene.













Eg fekk ri litt om morgenen begge dagane. Det var deilig og gøy!
Dei pynta rundt "spise-plassen" ved å hogge ned banan-trær og sette dei opp rundt området der borda var, i tillegg til også å henge opp en spesiell type fuglreir som såg ut som gedigne kvepsebol, berre litt meir avlange. Veldig kreative Nicaraguanere!

Vi fekk omvisnng på kaffe-farmen. Dei hadde hundrevis av høner og kyllinger. Alt dei driv med her er forresten av økologisk drift. Å ha så mange høner tett i tett kan sjølvsagt virke litt umoralsk...men ikkje veit eg...har dokke der heime i Norge nokre meiningar om dette?
Til høgre ser du bilete av Fernando og meg. Han var sonen til Cesar som var eigaren av farmen.Fernando og eg blei spasser-kompiser på omvisningsturen på kaffifarmen. Vi holdt i handa, og han var veldig ivrig etter å ha kameraet mitt og synes det var så morsomt å ta masse bilete, spesielt likta han å zoome mest mulig inn før han tok bileta!

Litt meir av den flotte utsikta dei hadde. Der var også ein liten lagune som dei hadde "laga til". Det hender ofte at dei plutrselig går tom for vatn eller lignande..da er det lurt å ha eit "reserve-vatn reservat" i nærheten. Dette er noko eigeren/bonden av farmen prøver å formidle til dei andre bøndene rundt omkring at kan vere lyrt å skaffe seg. Farmen vi var på er ein sjølvdrivende og velstående farm, i motsetning til MANGE andre farmer/gårder rundt om kring. På denne farmen gjer dei mykje for å hjelpe dei andre til å komme seg litt mir framover og oppover.
Det var ein deilig tur, og eg er no klar for ei ny veke med spansk. Deretter kommer påskeferien og Costa Rica =)

Hasta Pronto!

Ingen kommentarer:

Følgere